LAKSEHYTTA
Sjekk ledig /send bookingforespurnad
Vakn med fjorden utanfor vindauget.
Laksehytta ligg skjerma og fredeleg ved fjorden på Fredsvik. Her får du ei lun tømmerhytte med stor terrasse, vedfyrt stamp og utsikt mot fjord og fjell.

Tett på fjorden
Laksehytta ligg berre eit steinkast frå fjorden, med Fredsvikelva som nærmaste nabo. Her kan du ta med stolen ned i fjøra, nyte stillheita på terrassen eller berre sjå utover fjorden og fjella.
Plass til 7 personar




Hytta har to soverom og hems. Eitt soverom har dobbeltseng som kan delast til to enkeltsenger. Familierommet har dobbeltseng og overkøye, og på hemsen er det madrassar for to personar. Barneseng kan setjast inn ved behov.
Komfort og praktiske løysingar


Laksehytta har godt utstyrt kjøkken, bad med dusj, gulvvarme, internett og TV/Chromecast. Hytta har eigen vaskemaskin, og i boden finn du mellom anna fryser, støvsugar og skotørkar.
Inkludert
– Parkering ved hytta
– Internett
– TV og Chromecast
– Toalettpapir
– Kaffe, te, krydder og matolje
Tillegg
– Sluttreingjering: 1 400 kr per opphald
– Sengetøy og handkle: 300 kr per person
– Vedfyrt stamp: 1 500 kr
– Båt kan bestillast til eigen pris for hyttegjestar
Livet ved fjorden
På den store terrassen kan du nyte lange kveldar, solnedgangen over fjorden og den vedfyrte stampen.

Her kan du oppleve niser i fjorden og, når forholda er rette, nordlys over fjella. Rett ved hytta renn Fredsvikelva ut i fjorden.

Laksehytta året rundt
Fredsvik er ikkje berre ein sommarstad. Om vinteren får fjorden, dei snødekte fjella og stillheita ei heilt eiga stemning.

Velkommen!
![]()




