Logg inn

Logg inn med ditt passord for å redigere hjemmesiden!

Skriv inn epostadressen din (må være den som er registrert på Mekke), og trykk på "Send meg passord" for å bli tilsendt nytt passord på epost.

Hopp til innhold

node

Fiske og båtutleige i Fredsvik

Fiskelykke – frå fjord til fjell

Fiskelykke har ingen alder.

I Fredsvik kan både små og store oppleve gleda ved å fiske – frå Sunndals- og Tingvollfjorden rett nedanfor hyttene til stille fiskevatn oppe på fjellet.

Det handlar ikkje berre om kor stor fisken er eller kor mykje ein får. Det handlar om spenninga når det nappar, frisk luft, ro, naturopplevingar og tid saman. Fiske er godt for både kropp og sjel.

Og kanskje det aller beste: Etter ein fin dag ute kan fangsten bli til eit sunt og godt måltid. Fisk er næringsrik mat og ei naturleg kjelde til mellom anna protein, vitamin og mineral.

Som gjest i Fredsvik kan du dessutan fiske gratis etter aure i garden sine eigne fiskevatn på fjellet.

Opplev Sunndal og Tingvoll fjorden frå sjøen

Fredsvik ligg heilt nede ved fjorden og er eit flott utgangspunkt for både fiske og båtliv.

Opplev Tingvoll -Sunndalsfjorden frå sjøen!

I Fredsvik kan du leige båt og utforske fjorden på eiga hand. Her er det gode moglegheiter for fiske, flotte naturopplevingar og turar på fjorden – med fjell, fossefall og vakker natur rundt deg.

Her kan du leige båt og utforske fjorden på eiga hand – anten du vil prøve fiskelykka, oppleve fjorden frå sjøen eller berre ta ein roleg båttur mellom fjella.

Som hyttegjest i Fredsvik får du redusert pris på båtleige.

Tryggleik er viktig for oss. Før båten blir utlevert får alle som leiger motorbåt ei praktisk opplæringsrunde saman med ein erfaren båtførar, slik at du blir kjent med båten og utstyret før du legg frå land.

Båtane våre   

Måløy 540 med ekkolodd                               

  30 hk Honda 4-takt · 5 personar

Stabil og lettkøyrd glassfiberbåt for fjordfiske,

Hyttegjestar 

1 050 kr / dag
6 300 kr / veke (betal for 6 døgn)

Ordinærpris

1 350 kr / dag

8 100 kr / veke (betal for 6 døgn)

Honda  utan ekkolodd

30 hk 4-takt · 5 personar ·

Romsleg og stabil aluminiumsbåt, godt eigna til fiske og turar på fjorden, med styrekonsoll og sitjeplassar framme og bak

Hyttegjestar
900 kr / dag
5 400 kr / veke (betal for 6 døgn)

Ordinærpris
1 150 kr / dag
6 900 kr / veke (betal for 6 døgn)

Aluminiumsbåt – 19 fot

Honda 30 hk 4-takt · 5 personar · utan ekkolodd

Romsleg og stabil aluminiumsbåt, godt eigna til fiske og turar på fjorden.

Hyttegjestar
900 kr / dag
5 400 kr / veke (betal for 6 døgn)

Ordinærpris
1 150 kr / dag
6 900 kr / veke (betal for 6 døgn)

Robåt – Silver Viking

15 fot · plass til 4 personar

Enkel robåt for rolege turar og fiske nær Fredsvik.

Hyttegjestar
300 kr / dag

Ordinærpris
400 kr / dag

Kva er inkludert i båtleiga

✓ Redningsvestar
✓ Sjøkart
✓ Rednings- og tryggleiksutstyr
✓ Varslingsutstyr
✓ Vasstett mobilveske
✓ Fiskestamp
✓ Praktisk opplæringsrunde med erfaren båtførar før avreise
✓ MVA er inkludert i alle prisar

Fiske i Sunndals- og Tingvollfjorden

Frå Fredsvik har du eit flott utgangspunkt for fjordfiske. Du kan fiske frå båt eller prøve fiskelykka frå land langs fjorden.

Gratis aurefiske i garden sitt fiskevatn, Fredsviktjønna.

Som gjest i Fredsvik kan du fiske gratis etter aure i garden sitt eige fiskevatn på fjellet. Her får du kombinere fjelltur, stillheit og fiske i vakker natur.

Fiskelykke i Fjorden og på fjellet 

I Fredsvik ligg fiskemoglegheitene rett utanfor døra. Prøv fiskelykka i Sunndals- og Tingvollfjorden, frå båt eller land – eller ta turen til fjells.

Som gjest hos oss kan du også fiske gratis etter aure i garden sine eigne fiskevatn på fjellet. Ta med fiskestonga, niste og kaffikoppen og finn din eigen stille plass ved vatnet.

Fredsvika legg vi godt til rette for sportsfiskarar.

Vi har eigen fileteringsplass der fangsten kan gjerast klar etter fisketuren, og vi har innfrysingskapasitet for fisk.

Fredsvik er registrert turistfiskeverksemd og nyttar Fish Log for registrering og rapportering av fangst.

Fiske i fjorden

I sjøen kan du fiske utan fiskekort. Vi hjelper gjerne med tips og informasjon om fiske i området.

Tryggleik på fjorden

Tryggleik er viktig for oss. Før båten blir utlevert får alle som leiger motorbåt ei praktisk opplæringsrunde saman med ein erfaren båtførar. Her går vi gjennom båten, utstyret og det du treng å vite før du legg frå land.

Føraren av båten har ansvar for at maksimalt tillate tal personar ikkje blir overskride.

Ved bestilling ber vi om tal personar og vekt/storleik, slik at vi kan finne fram riktige redningsvestar.

Båtførarbevis

Per 2026 gjeld følgjande reglar:

Førarar som er fødde 1. januar 1980 eller seinare, må ha båtførarbevis når båten er over 8 meter eller har motor med meir enn 25 hk.

For våre motorbåtar med 30 hk betyr dette at førarar fødde 1. januar 1980 eller seinare må ha båtførarbevis.

Førarar fødde før 1. januar 1980 er unnatekne frå kravet om båtførarbevis for desse båtane.

Sjå alltid gjeldande reglar hos Sjøfartsdirektoratet før båtturen.

Depositum

Før båten blir utlevert skal det betalast eit depositum på 2 000 NOK eller 200 EUR.

Leigetid

Dagsleige: ca. 10 timar. Tidspunkt for utlevering og innlevering blir avtalt ved bestilling.

Vekeleige: Båten kan disponerast gjennom leigeperioden, men skal av tryggleiksomsyn vere fortøyd mellom kl. 22.00 og 07.00.

Praktisk informasjon

Fortøying, flo og fjøre

Båtane ligg fortøydde på utfar frå land. Det er tidevatn i fjorden, og høgda på sjøen endrar seg gjennom døgnet med flo og fjøre.

Den som leiger båten har ansvar for å kontrollere fortøyinga og tilpasse lengda på taua etter vasstanden. Det må vere nok tau når sjøen stig,  samtidig som taua ikkje må vere så lange at båten kan drive inn mot land, steinar eller andre båtar når sjøen fell.

Båtane er sjøllensande som virkar når kranene er opne når den går for motor men leigetakaren må også passe på å lense båten for vatn ved regnvêr på bøye.

Vi viser deg korleis båten skal fortøyast på utfaret og lensast for vatn under opplæringsrunden før du tek båten i bruk.

Innlevering og reingjering

Båten skal leverast tilbake ryddig og grundig reingjord etter bruk.

Det er høgtrykksspylar tilgjengeleg på Fredsvik, slik at båten enkelt kan spylast og vaskast etter fisketuren.

Dersom båten ikkje blir levert tilstrekkeleg reingjord, blir det belasta eit reingjeringstillegg på 500 kr.

Share this page with a friend!

Share on FacebookShare on Twitter

Logg inn